EYSTEIN RØSSUM

OVE OLDERKJÆR

110 flasker vin. 30 liter sprit. 31 kasser øl. 4000 sigarettar.

Alt dette hadde Stords mest kjende forretningsmann fått plass til i den 45 fot store Princess-lystbåten sin, før han og dei tre kameratane letta anker på Shetland i helga og sette kurs heimover.

— Eg er vel som nordmenn flest. Det var ein idiotisk ting å gjere, men det vart gjort, sa Jan Kåre Pedersen til BT i går kveld.

«Ein skikkeleg gutetur»

Velkomstkomiteen i småbåthamna i Sævarhagsvika på Stord tidlegare på dagen var nemleg ikkje heilt slik Pedersen hadde håpa på. Tollvesenet hadde fått nyss om den flotte smuglarskuta, og to tollbetjentar frå Haugesund venta på bryggja då skuta «Gurli» la til. Tollarane kunne raskt slå fast at den tollfrie kvoten var ettertrykkeleg sprengt.

— Vi hadde oss ein skikkeleg gutetur. Veret var veldig fint, og vi hadde det heilt topp. Så vart det til at vi heiv om bord litt for mykje, seier Pedersen.

Det er ikkje første gongen ekskonsernsjefen blir skulda for å ha lyst på litt for mykje. I vår kom det fram at den tidlegare Bravida-sjefen fekk utbetalt til saman 42,5 millionar kroner for dei knapt fire åra han sat i sjefsstolen - år som elles var svært lite lystelege for teleselskapet. Fleire tusen tilsette måtte gå på grunn av elendige økonomiske resultat - i fjor var underskotet på 750 millionar kroner før skatt.

- Mykje gut i meg

— Korleis trur du det vil bli oppfatta at ein profilert næringslivstopp som deg er tatt for smugling?

— Eg må berre seie meg lei for dette. Det er nett like mykje gut i meg som i alle andre, noko betre forklaring har eg ikkje. Det skulle aldri ha skjedd, og det skal aldri skje igjen. Eg er lei for det, seier Pedersen, som i fjor var utan konkurranse på inntektstoppen på Stord.

Både han og dei tre andre vedgjekk smuglinga på staden.

Bot tilpassa inntekta

Tollarane fekk hjelp av politiet på Stord til å frakte varene til Haugesund, og saka vil bli meldt til politiet.

— Det blir opp til politiet å etterforske saka og vurdere kva straff som er aktuelt, seier kontorsjef Trygve Sjursen ved Haugesund tollstad.

I beste fall kan Pedersen bu seg på å betale ei saftig bot. Bøter skal avpassast til inntektene, og med ei likna inntekt på over 16 millionar kroner for Pedersen i 2002 vil det truleg hamna ein solid slump pengar i statskassa etter Shetlandsturen.

— Det vi gjorde var idiotisk. Det er berre å betale bota, seier Pedersen, som i dag driv eigne forretningar - blant anna med etableringa av selskapet Stord Dialog, som er i ferd med å byggje seg opp innan telefonsal.

ANGRAR: - Det vi gjorde var idiotisk. Det skal aldri skje igjen, seier Jan Kåre Pedersen etter smuglartoktet til Shetland i helga. <br/>(ARKIVFOTO)
FLOTT SMUGLARSKUTE: Den 45 fot store luksusyachten greidde turen frå Shetland til Stord utan vanskar. I småbåthamna gjekk det dårlegare.<br/> FOTO: OVE OLDERKJÆR
FULLT OPP: Tollvesenet måtte få hjelp av politiet på Stord til å frakte alle godsakene til lageret i Haugesund. <br/> FOTO: TV HAUGALAND