VIDAR YSTAD

Dette går fram av ein inspeksjonsrapport frå Helsetilsynet, utførd av Fylkeslegen i Hordaland. Ambulanseselskapet var også langt unna å fylle dei krava sjukehuset sjølv hadde stilt.

Mindre enn eitt år seinare måtte Helse Bergen sjølv overta heile drifta. Eigarane av Vest ambulanse vart kjøpt ut, men Helse Bergen nektar å gje innsyn i vilkåra.

Tildelinga av kontrakten skjedde i strid med tilrådingane frå faggruppa ved Helse Bergen HF og frå sjefen for akuttmedisinsk avdeling, seksjonsoverlege Guttorm Brattebø. Det opplyser Brattebø til Bergens Tidende. Dei gjekk inn for ambulansedrift i helseføretaket sin eigen regi.

I rapporten frå Fylkeslegen får Helse Bergen HF påpakning for forholdet:

«Helse Bergen HF har ikkje sett til at leverandøren (Vest ambulanse AS) har ambulansepersonell med tilstrekkeleg kompetanse.»

Av rapporten går det fram at sjukehuset kjende til dette forholdet før kontrakten vart inngått.

Rapporten fortel at berre eit av 12 ambulansepersonell hadde fagbrev i ambulansefaget. Vidare hadde to av 12 ambulansepersonell fått delegert mynde frå seksjonsoverlegen ved seksjonen for akuttmedisin til å utføre medisinske behandlingsprotokollar.

Kort tid etter at Fylkeslegen hadde gjennomførd inspeksjonen, måtte Helse Bergen HF overta både driftsansvaret og materiellet som ambulanseselskapet sat med. Selskapet dekte ambulanseoppdraga i Øygarden, Askøy og på Sotra.

Berre ambulansedrifta på Sotra vart undersøkt av Fylkeslegen, men ifølgje opplysningar BT har fått, skilte ikkje Sotra seg frå situasjonen i Øygarden og Askøy.