Trond Fylling sat fredag morgon framleis innesperra på hotellet i Abidjan. Kona Hege Frækaland Fylling hadde sist kontakt med han rundt midnatt.

Har ikkje billett før tysdag

— Utlendingane prøver å kome seg ut av landet med fly. Men Trond har ikkje billett før tysdag, seier ho til bt.no.

Det er kaotiske tilhøve i landet etter forsøket på statskupp. Heisen stoppa på hotellet han budde på i går, straumen vart tatt og utanfor høyrde han skyting frå tunge skyts.

— Eg vart litt skjelven. Vi veit ikkje kva som skjer, fortalde Fylling på mobiltelefonen til avisa Firda i går.

— Det er snakk om at nokre er døde, mellom anna ein journalist og ministeren som opna fotballturneringa onsdag i byen Bouake, seier Fylling.

Kona hans sier til bt.no at ho har inntrykk av at Fylling veit lite kva som hender i dei to nabobyane der opprørsstyrkane hadde kontrollen. Frykta er at dei skal prøve å innta hovedstaden.

I Bouake var situasjonen ute av kontroll etter at 800 soldatar gjorde opprør i fotballbyen som Fylling vitja.

Det er innført portforbud, og det norske konsulatet i Elfenbeinkysten er stengt på grunn av forsøket på statskupp. Dette vanskeleggjer heimreisa for Fylling og dei andre nordmennene som no sit innespera på eit hotell i utkanten av Abidjan.

- Opprøret er slått ned

Statsministeren i landet sa fredag morgon at det miliæret opprøret er slått ned, men opprørsstyrkane held framleis to byar og hevdar det motsatte.

Det var innenriksministeren som vart drepen i timane etter at opprøret starta tidleg torsdag morgon, mellom anna i byane Bouake og Khorogo som begge er nabobyar til hovedstaden, der Fylling og en fotball-talentspeidaren Stig Marius Torbjørnsen oppheld seg. Begge er der på oppdrag for Sogndal Fotball.

Sogndal har kjøpt ein spelar frå Elfenbeinkysten, men treng påfyll av utlendingar til neste sesong. Dermed reiste Fylling til turneringa i Bouake, opprørsbyen i landet.

Fylling forsto at noko var på gang då han onsdag kveld var på veg tilbake frå Bouake til hovedstaden Abidjan, berre timar før opprøret starta nett der. Ein tur på normalt tre timar tok nærare fem timar då fylgjet som Fylling var med i vart stansa fleire gonger på den elendige vegen av militærpostar som ville sjekke alle papira.

I fotballturneringsbyen Bouake, der Fylling altså var for å sjå på afrikanske talent onsdag, starta skytinga klokka 05 i går. Innbyggjarane heldt seg unna gatene. Ein journalist som gikk ut for å dekke opprøret vart skoten av militære opprørsstyrkar.

Sogndal henta i sommaren ein forsvarspelar frå Elfenbeinkysten for å tette igjen eit forsvar som i vårsesongen var lekk som ein sil.

Elfenbeinskysten er skaka av fleire tilfelle av poltisk vald, med fleire hundre drepne, sidan militæret overtok makta i landet i 2000.