Klokka 12 i dag går dei fleste lærarar her i landet ut i politisk streik. I Bergen blir høgdepunktet ei markering på Festplassen klokka 14, der Utdanningsforbundet ventar mellom 1500 og 2000 lærarar.

Dei vil mellom andre få høyre Utdanningsforbundets leiar Helga Hjetland halde appell. Sidan Oslo er eige tariffområde og ikkje blir råka av streiken, er Bergen den største streikebyen i landet.

Lokal kampvilje

I går bølgja applausen gjennom salen på Bergen kongressenter. Årsmøtet i Utdanningsforbundet i Bergen vedtok samrøystes resolusjonen «Bergen er klar når det gjelder».

— Det er viktig for oss som årsmøte å gje eit signal om kvar vi står i konflikten. KS må få vite at dette med arbeidstid er noko vi meiner alvorleg, seier lokallagsleiar Dag Utle.

Han legg ikkje skjul på at kampen mot KS i stor grad ein kamp om sympatien til folk. Dermed blir mediedekninga viktig.

  • Vi vonar på massiv støtte både frå elevar og foreldre, om at no står kvaliteten i undervisninga på spel, seier Utle.

Resolusjonen frå Bergen avsluttar med ei formulering som ikkje etterlet særleg tvil om kampviljen: «Om nødvendig vil lokallaget vere med på å bruke alle verkemidla for å sette makt bak krava».

Kort skuledag

For mange foreldre gjer streiken at dei i dag må gå tidleg frå jobb. Byråd for oppvekst Hans Carl Tveit seier konsekvensane av streiken vil variere frå skule til skule. Ansvaret for å ordne opp gjev han til rektorane.

— Skuleleiar har eit sjølvstendig ansvar for å ivareta tilhøva til eleven. Vi har bedt dei informere foreldra så raskt som mogleg om kva skulen gjer av tiltak, seier Tveit.

Ifølgje Utdanningsforbundet vil ikkje Skulefritidsordninga (SFO) bli råka av streiken. Heller ikkje rektorane eller lærarar som har elevar med spesielle behov blir tatt ut i streik.

Har du ungar som skal på skulen i dag har Tveit følgjande råd.

  • Dei skal sende elevane til skulen på vanleg måte, men dei må vere klar over at dei kan risikere at barna kjem heim tidlegare enn vanleg.
KAMPVILJE: Leiar Dag Utle i Utdanningsforbundet kan konstatere sterk kampvilje, etter at årsmøtet i lokallaget i går vedtok at dei «om nødvendig» vil «bruke alle verkemidla» i konflikten med KS. FOTO: HELGE SUNDE