– Vi fekk melding i eitt-tida i natt om promillekøyring. Ein bil hadde køyrd i grøfta like nedanfor Diesel og Elektroservice, seier operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt til Firda.

Vitne hadde meld ifrå om ulukka, då politiet fekk ein uventa telefon.

– Så ringjer sjåføren sjølv, og seier han har køyrt i grøfta, og at han har drukke, fortel Hope.

Politiet fekk teke blåseprøve av mannen, som ikkje uventa slo ut positivt. Då vart det også teke blodprøve av mannen.

18-åringen skal ha kome ifrå utforkøyringa utan fysiske skader.