Mandag 14. mai i fjor blei den 40 år gamle mannen stoppa av politiet i Austevoll med mistanke om promillekøyring. Det blei tatt blodprøve av han, som viste at han hadde ein promille på 1.36.

— Slutta å drikka søndag kveld

Denne dagen hadde 40-åringen ansvaret for transport til og frå barneskulen. I retten nekta han for at det var han som køyrde skulebussen, og hevda at han berre hadde køyrt bussen i privat ærend.

40-åringen sa at han drakk forholdsvis mykje helga i forkant, men at han slutta å drikka søndag kveld og at han var overraska over kor høg promille han hadde.

Promilleprogram

Retten sette ikkje lit til 40-åringen si forklaring, og meiner at det er bevist utover rimeleg tvil at det var han som køyrde skuleruta denne dagen. Då 40-åringen blei pågripen, skal han sjølv ha erkjent dette. Vidare meiner retten at 40-åringen var på veg for å henta skulebarna då han blei stoppa av politiet.

40-åringen har eit alkoholproblem, og han har sagt seg villig til å delta i eit promilleprogram. Han slepp å sona fengselsstraffa så lenge han gjennomfører promilleprogrammet.

Han er i tillegg dømd til å betala ei bot på 30.000 kroner, og han mister førarretten i to år. Vil han ha førarkortet tilbake, må han avleggja full ny førarprøve.