I dag starta rettssaka mot fyllekøyraren i Midthordland tingrett.

For ti månader sidan vart dottera til Unni og Norvald Hestetræet køyrd ned av ein full 30-åring. I dag er Marthe (17) sterkt funksjonshemma.

Far Norvald skal vitne mot den sikta askøymannen, men mor Unni orkar ikkje sjå mannen som har øydelagt livet til dottera.

— Eg vil ikkje ha noko bilde av mannen som gjorde det. Eg veit ikkje kven han er. For meg har han ikkje noko ansikt. Om eit år kan eg risikere å treffe han på butikken, seier Unni.

2,34 i promille

Inntil 14. juni i fjor var Marthe ei livsglad, aktiv jente med mange planar for framtida.

Denne natta hadde ho vore på ein fest på Herdla og feira at 10. klasse var over.

Då Marthe og nokre vener var på veg bort frå festen i bil, kom dei forbi ein som hadde køyrt i fylla og hamna i fjellveggen. Etter kvart kom politiet til staden. Marthe og ein slektning stod rett bak politibilen, medan fleire andre sat på ein murkant ved vegen.

Då kom ein ny fyllekøyrar og brasa rett inn i Marthe og guten ho stod saman med. Mannen køyrde med 2,34 i promille.

Marthe fekk store hovudskadar og vart liggjande på Haukeland til midt i januar. Fyllekøyraren kunne spasere ut av sjukehuset dagen etter. I dag møter han i retten.