OVE OLDERKJÆR

Då skapte den alkoholiserte dama seg aldeles vrang, langa ut eit knyttneveslag mot auget til ein politimann og pepra politiet med grove kjønnslege uttrykk.

På Stord sjukehus var ho så vill at ei klinisk undersøking av henne var uråd. Under transporten til arresten i Haugesund urinerte ho i politibilen.

Sunnhordland tingrett har avgjort at ho skal betala 10.000 kroner i bot, og idømmer henne 60 dagars fengsel. Ho unngår soning dersom ho gjennomfører Kriminalomsorga sitt promilleprogram.

Fyllekøyringa fann stad i november i fjor, det var ein mopedist som stoppa 55-åringen ved Grov på Stord og varsla politiet.