JØRN-ARNE TOMASGARD

— Viss det finst eit helvete, er det der vi har vore i ti månader, seier ekteparet på Lille Fauskanger på Askøy.

I dag startar rettssaka mot fyllekøyraren i Midthordland tingrett. Far Norvald skal vitne mot den sikta askøymannen, men mor Unni orkar ikkje sjå mannen som har øydelagt livet til dottera.

— Eg vil ikkje ha noko bilde av mannen som gjorde det. Eg veit ikkje kven han er. For meg har han ikkje noko ansikt. Om eit år kan eg risikere å treffe han på butikken, seier Unni.

2,34 i promille

Inntil 14. juni i fjor var Marthe ei livsglad, aktiv jente med mange planar for framtida.

Denne natta hadde ho vore på ein fest på Herdla og feira at 10. klasse var over. Då Marthe og nokre vener var på veg bort frå festen i bil, kom dei forbi ein som hadde køyrt i fylla og hamna i fjellveggen. Etter kvart kom politiet til staden. Marthe og ein slektning stod rett bak politibilen, medan fleire andre sat på ein murkant ved vegen. Då kom ein ny fyllekøyrar og brasa rett inn i Marthe og guten ho stod saman med. Mannen køyrde med 2,34 i promille.

Marthe fekk store hovudskadar og vart liggjande på Haukeland til midt i januar. Fyllekøyraren kunne spasere ut av sjukehuset dagen etter.

- Status å køyre i fylla

— Det skremmer oss når vi høyrer at det framleis er status med fyllekøyring og høg fart i enkelte miljø. Det er skremmande at det er gløymt etter ti månader, seier pappa Norvald.

No er Marthe lenkja til stolen, utan evne til å snakke. Ho må ha hjelp døgnet rundt.

I går starta familien arbeidet med å bygge på huset for å gjere livet lettare.

— Vi ville ha Marthe heim. Ho er ein del av familien, og skal ikkje vere nokon annan stad enn her, seier Unni Madsen Hestetræet. Heile tida medan vi er på vitjing, sit ho ved sidan av Marthe og held rundt henne. Rundt oss hoppar ein svart labrador retriever kvelp som lograr og held moro. Familien trengde å få latteren tilbake etter månader ved sjukesenga på Haukeland. Difor har Mira vore her i tre veker no.

Familien på veg opp att

Livet til familien Hestetræet har vore inndelt i fasar etter ulukka. Først var det sjokket, sorga og sjukehuset. Ingen av foreldra har vore i arbeid etter at tragedien ramma. No er det rettssak, forsikringsspørsmål og husbygging som står for tur.

— Viss nokon hadde sagt til meg på førehand at eg skulle greie dette, så ville eg ikkje trudd det. Men eg måtte greie det, seier Unni.

Å kome heim frå sjukehuset har vore positivt både for Marthe, dei to brørne og foreldra. No er familien på veg opp att. Husbygginga er eit anna element som får tankane inn på positive spor.

— Men vi er merka for livet. Eg visste ikkje at det går an å ha det så vondt, seier Unni Madsen Hestetræet.

OFFER FOR FYLLEKØYRAR: Dette bildet blei tatt av Marthe ein månad før ulykka. Ho var ei aktiv, livsglad jente med mange planar for framtida.
SMERTEFULLT: - Vi har tatt ein dag om gongen. Det har vore så mykje at vi berre har måtte ta det som det har kome. Slik har dagane gått, seier Norvald og Unni Hestetræet. No meiner dei familien er på veg opp att etter ulukka. Rettssaka som startar i dag, ripar opp i det vonde.<p/>FOTO: GIDSKE STARK