Politibetjent Henning Hegbom på Voss seier han har inntrykk av at svært mange som nett er fylt 18 år, er inne på hotellet, men har yngre vener utanfor.

– I staden for å kjøpa dyrt øl inne, går denne gruppa helst ut og drikk saman med vener utanfor, seier han til avisa Hordaland.

Hegbom fortel om «styggare slagsmål og meir jævelskap enn tidlegare». Dessutan er det mange som klagar over rusande motorar. Hegbom oppmodar folk om å notere ned skiltnummeret til bilar som køyrer rundt og rundt på Vangen.

– Då er me klare til å gripe inn, seier han.

No vil politikarane vurdere skjenketidene.

– Det kan heilt klart verta ein strammare skjenkepolitikk. Som del av det politiske fleirtalet, kjenner eg eit personleg ansvar for utviklinga. Om den kan førast tilbake til sjenkepolitikken, må vi vurdere dette på nytt, seier ordførar Bjørn Christensen frå Arbeidarpartiet.