JOHN LINDEBOTTEN

Men fylkesrådmannen fryktar svikt i faktorane som er utanfor fylkeskommunal kontroll — skatt, momskompensasjon og pensjonskostnader.

Slik det ser ut no, vil skatteinntektene svikta med 20 mill. kr. På bakgrunn av utviklinga hittil i år, rår fylkesutvalet til at det vert gjort ein del budsjettendringar.

Av innsparingar på 12,6 mill. kr på nokre felt, vert 2,6 mill. kr omdisponert til å dekka oppretting av nye klassar i vidaregåande skule, 7 mill. kr går til auka utgifter til lærlingtilskot, 2 mill. kr vert sett av til lønsauke og fylkesutvalet sin tilleggsløyvingskonto skal aukast med 1 mill. kr, er fylkesutvalet si tilråding. Fylkestinget avgjer saka 12.-13. oktober.