Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, H, har merka seg alle klagene som har kome fram i det siste, også gjennom lesarinnlegg i BT. Busspassasjerar frå t.d. Nordhordland og Osterøy opplever at direkteruter til Bergen i det siste fungerer som mjølkeruter, med stopp ved kvart bidige busskur. Resultatet er lengre reisetid. Mange kjem for seint til arbeid, og ser seg tvinga til å køyra eigen bil i staden for å reisa kollektivt.

— Vi vil gjera det vi kan for å retta opp dette opp når bussrutene til og frå Bergen kjem på anbod, seier Tom-Christer Nilsen, til Bergens Tidende.

Busselskapet sjølv, Tide Buss, ber i dag heile ansvaret for planlegging og gjennomføring av dagens bussruter. Det er fastsett gjennom den såkalla kvalitetsavtalen med Hordaland fylkeskommune. Difor er det Tide som må ta all kjeften når passasjerar klagar over rutene.

Men denne ordninga går no mot slutten. Alle bussrutene i Hordaland, medrekna Bergen, skal auksjonerast bort. Pakkane som skal ut på anbod inneheld detaljerte ruter og ruteopplegg utarbeidd av fylkeskommunen. Busselskapet som vinn anbodet skal då berre køyra, og gjera den jobben skikkeleg. Korleis rutene ser ut, har ikkje busselskapet noko med.