Nok ein gong må eigarane bak Sunnhordland Lufthavn AS — Stord kommune (79 prosent) og Hordaland fylkeskommune (21 prosent) hjelpa flyplassen i Sørstokken over ei likviditetskrise. Selskapet har ikkje hatt pengar til løn for sine vel 20 tilsette i oktober.

Hordaland fylkesutval vedtok i dag å låna 2,5 millionar kroner, dersom hovudeigar Stord kommune stiller opp med 9,5 millionar. Flyplassen treng 12 millionar til å finansiera pålagte sikringstiltak, etter at seks finansinstitusjonar nyleg har sagt nei.

Akuttlån til løn

Stord kommunestyre tek stilling til lånesøknaden 21.oktober. Men i dag har formannskapet gitt eit akuttlån på 200.000 kroner for at flyplassmannskapa skal få oktoberløna si. Derimot må Danish Air Transport - som opererer Oslo-ruta - venta på betaling for sin uteståande faktura på vel 800.000 kroner.

I 2008 og 2009 gav flyplasseigarane lån til flyplassen på Stord på over ti millionar kroner for å sikra likviditeten og eigenkapitalen i driftsselskapet.

Opp til vurdering

Fylkestinget vil at det blir avvikla ei ekstraordinær generalforsamling i Sunnhordland Lufthavn AS for å evaluera arbeidet til styret for selskapet.

SV i fylkestinget har fått med ei protokolltilførsle om at det blir førebudd ei sak med sikte på å vurdera heile fylkeskommunen sitt engasjement i lufthamnselskapet.

Lånet frå fylkeskommunen skal nedbetalast over seks år. I Nasjonal transportplan for 2010-2019 ligg Stord lufthamn inne med årlege statsløyvingar på 12 millionar kroner. I tillegg blir det gitt tilskot til lufttrafikktenesta ved flyplassen, i 2010 er det på 4,6 millionar kroner.