Onsdag føremiddag vedtok fylkestinget at dei 270 millionar kronene til riksvegar i Hordaland neste år skal fordelast med 30 millionar kroner til bruk i Bergen kommune og 240 millionar kroner i resten av fylket.

— Då vert det krig, truga Høgres Monica Mæland for ein månad sidan då vedtaket i fylkeskomiteen for miljø og samferdsle synte kva lei det bar.

I dag var tonen ein annan.

— Det er ikke det beste vi kunne oppnå, men likevel til å leva med, seier Monica Mæland til Bergens Tidende.

Ulike tolkingar

Utgangspunktet var ein politisk avtale mellom Bergen kommune og Hordaland fylke om at riksvegpengane frå staten skal delast likt, 50-50, mellom Bergen kommune og Hordaland fylke. Avtalen gjeld for transportplanperioden fram til 2011.

Men Bergen og Hordaland har tolka avtalen ulikt. Hordaland meiner at pengane kan fordelast ulikt frå år til år, men at 50-50-delinga skal koma fram heile perioden sett under eitt. Bergen kommune sitt krav har vore at pengane skal delast likt kvart einaste år.

For 2003, og for 2004, er det ikkje nok ferdige planar i Bergen å bruka særleg med riksvegpengar på. I resten av fylket er det meir enn nok planar.

Lit ikkje på fylkestinget

Det er særleg omsynet til dei store investeringane i Bergensprogrammet som gjer at Bergen kommunee vil sikra seg og få pengane på bok.

— Eg har ikkje tillit til at fylkestinget vil gje oss pengane attende når vi treng dei til bybane og Ringveg vest frå 2005 og utover, sa byrådsleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen til BT i slutten av mai.

Formuleringskunst

Men no er Bergen nøgd likevel. Og det skuldast ein protokollmerknad som er underteikna av alle gruppeleiarane i fylkestinget.

I merknaden heiter det at dei riksvegpengane som fylket tek ut over 50-50-delinga, (ca. 100 millionar kroner), skal sjåast på som eit lån frå udisponerte bompengar i Bergen. Pengane skal førast attende til Bergen i reelle 2003-kroner når dei store prosjekta i Bergensprogrammet kjem i gang. Fylket og Bergen kommune skal utarbeida ein forpliktande politiske avtale om dette.

— Slik det er formulert no, brukar ikkje fylket opp Bergen sine riksvegmidlar. Fylket låner i staden bompengar frå Bergen, og vi kjenner oss tryggare på å få attende bompengar som vi har lånt ut, for alle godtar at bompengane som er samla inn i Bergen høyrer Bergen til, seier Monica Mæland.

Endrar ingen ting

— Men det endrar ikkje på realiteten i saka, at fylket neste år får 240 millionar kroner av riksvegbudsjettet for Hordaland, og Bergen 30 millionar, seier vegsjef Ole Chr. Torpp, som er glad for at gemyttane har roa seg i Bergen rådhus.