Det var fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen som vedgjekk dette då fylkestinget behandla kjøp av fire eigedomar frå Tide i går.

Dei fire eigedomane skal tena som busskvarter for dei selskapa som frå våren 2010 og frametter får anbod på busskøyringa i Bergen og omland.

Nilsen vart pressa av Arbeidarpartiets gruppeleiar, Gisle Handeland, som ikkje kunne hugsa at desse eigedomskjøpa, til 235 millionar kroner, var med i dei opphavlege reknestykkja då anbodsprinsippet vart vedteke i 2004.

Den gongen var det visst berre snakk om kor store innsparingar fylket ville få av å setja kollektivtrafikken ut på anbod.

Fleire kjempeutlegg?

Handeland var no redd for at dei store gevinstane det hadde vore snakk om ville smuldra bort. Han lurte på om fleirtalspartia, Frp, Høgre og KrF, hadde oversikt over kva dei dreiv med, og ville vita om det kom fleire kjempeutlegg.

Frå før har fylket kjøpt eigedom i Åsane til bussoppstilling for vel 200 millionar kroner, slik at det samla eigedomskjøpet kjem opp i over 400 millionar kroner.

Betalar til oss sjølve

– Men innnsparing kan sjåast på fleire måtar, seier Tom-Christer Nilsen. – Det kan godt vera at fylket ikkje sparer pengar, men med dei krav vi stiller i anbodsgrunnlaget, vil kvaliteten på kollektivtrafikken verta monalag høgre enn i dag, og det kan ein og sjå som innsparing. Eg tar det heilt med ro dersom vi ikkje sparer pengar på dette, men i staden får betre kollektivtilbod, fleire passasjerar og høgre kollektivandel i trafikken, seier Nilsen til BT.

Han minte fylkestinget på at fylkeskommunen også i dag betalar for dei eigedomane dei no kjøper, gjennom støtta til Tide, som i dag er det einaste kollektivselskapet i Bergen.

– I framtida må vi og betala for eigedomane, men då til oss sjølve, sa Nilsen. Han trur kapitalkostnadene for eigdomskjøpa vil koma opp i ca. 30 millionar kroner i året.

Trøbbel på Bømlo

Opposisjonen i fylkestinget nytta møtet i går til å harselera litt over vanskar med ruteopplegget på Bømlo, som NRK Hordaland melde om i morgonsendinga onsdag. Der er det selskapet Concordia som har anbodet på busskøyringa. Det fylkeskommunale selskapet Skyss har lova å ordna opp.

Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet ville og ha fylkesetinget til å vedta at dei store utgiftene fylkeskommunen no tok på seg ikkje skulle gå ut over verken kollektivtilbodet eller opparbeidde rettar for dei tilsette. Det ville fleirtalet ikkje gå med på.

Ørjan Deisz