Seinast i januar 2005 skal ad hoc-komitéen koma med ei innstilling om korleis fylket som deleigar av bompengeselskapa skal handla for at selskapa skal fungera godt og ha tillit blant folk.

Utvalet er samansett av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF), Tom-Christer Nilsen (H), Terje Søviknes (Frp), Gisle Handeland (Ap) og Harald Hove (Venstre).

Vegdirektoratets mykje omtalte revisjonsrapportar om blant andre Sunnhordland bru— og tunnelselskap AS og Osterøy bruselskap AS var bakgrunnen for at Terje Søviknes og Gisle Handeland tok saka opp ekstraordinært på fylkesutvalets møte i Bergen i dag. Søviknes på vegner av Frp, Høgre og KrF.

Ad hoc-utvalet skal vurdera heile sakskomplekset, herunder styringsforhold og informasjonsflyt. I det samrøystes vedtaket frå fylkesutvalet blir det understreka kor viktig samfunnsrolle bompengeselskapa har, og dei særlege krava til tillit som ei slik rolle inneber.

DELEIGAR: Fylkeskommunen er deleigar i alle selskapa som er reviderte i Hordaland.
OVE OLDERKJÆR