Det løner seg visst med stram økonomistyring, har dei funne ut i fylkeshuset. Neste år kan Hordaland fylkeskommune auka driftsrammene med 50 mill. og samstundes bruka 50 mill. kr av driftsmidlane til finansiering av investeringar, går det fram av fylkesrådmannen sitt utkast til budsjettrammer for 2006 og perioden fram til 2009.

— Dette er eit resultat av at me har fått orden på fylkesøkonomien. Stram økonomistyring løner seg, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

— Storparten av dei auka driftsrammene vil me bruka til å gje eit godt opplæringstilbod til dei store årskulla som er på veg inn i den vidaregåande skulen. Og me skal investera 692 mill. kr i bygging av to nye skular og større utbygging av fire skular, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

— Men det vert også meir midlar til kollektivtrafikk, vedlikehald av fylkesvegar, regionale utviklingstiltak og til kulturføremål, understrekar fylkesordføraren.

Dei auka rammene vil gå til:

  • Vekst i elevtalet: 36 mill. kr
  • Takstfrys for reiser med buss og båt i Hordaland i perioden 2006 - 2008: 7 mill. kr kvart år.
  • Auka fylkesvegvedlikehald: 3 mill. kr i 2006 og ytterlegare 2 mill. kr frå 2007.
  • Auka løyving til kultur: 2 mill. kr
  • Auka løyving til regionale utviklingstiltak: 2 mill. kr

Fylkeskommunen skal og gjennomføra store investeringar i åra 2006-2009. Storparten gjeld vidaregåande skular og fylkesvegar. I skulesektoren skal det byggjast for 692 mill. kr. Til fylkesvegar skal det nyttast 374 mill. kr dei komande fire åra. Det er medrekna Jondalstunnelen.

Nye skular og tilbygg:

  • Olsvikåsen videregående skole, ferdig 2006.
  • Sørås videregående skole, ferdig 2008.
  • Åsane gymnas, tilbygg, ferdig 2007.
  • Knarvik vidaregåande skule, tilbygg ferdig 2008.
  • Bergen Handelsgymnasium, tilbygg, ferdig 2009.
  • Årstad videregående skole, tilbygg, ferdig 2010.