I praksis vil det seia at Framnes kurstad ikkje får økonomisk støtte frå fylket ut over 30. juni 2002.

Framnes kurstad har i ei årrekkje vore ein del av det fylkeskommunale tilbodet innan rusbehandling.

I grunngjevinga for vedtaket heiter det at Framnes kurstad ikkje lenger har det faglege nivået som fylkeskommunen krev av institusjonar med spesialteneste.

Vedtaket i fylkesutvalet vart gjort med 10 mot 5 røyster. H, V, KrF og fire frå Ap-gruppa utgjorde fleirtalet.