Det er, ifølgje Statens Vegvesen, den fylkeskommunale sveltefôringa av vegnettet som har gitt følgjande vegstatus for utkantane i fylket i 2003:

  • Bygder ventar på uløyste fylkesvegoppgåver for i alt 1,2 milliardar kroner.
  • Dårleg standard på store delar av fylkesvegnettet.

I tillegg har regionvegsjef Ole Chr. Torpp stengt fylkesvegen Matre-Bjordal i ytre Sogn frå april i år.

— Blir verre og verre

— Det er dårleg standard på store delar av fylkesvegnettet i fylket, og vi vil få ei gradvis forverring på grunn manglande ressursar til vedlikehald, seier senioringeniør Johannes Reinen ved Statens Vegvesen sitt regionkontor vest til Bergens Tidende.

Kystpartiet sin representant på Stortinget, Steinar Bastesen, tek no den stengte fylkesvegen Matre-Bjordal opp med dei to aktuelle stortingskomiteane. Vegen vart, som omtalt i BT-reportasje 11. april, stengt permanent: Det manglar pengar til rassikring. Fylkesvegen vart bygd i 1966. Fylkesleiar i Kystpartiet, Erik Arne Hansen, seier at avgjerda om å stenge fylkesvegen var rett: - Geologiske granskingar syner at det ikkje er forsvarleg å halde fylkesvegen open, seier han

— Vegkontoret har peika på manglande vedlikehald på fylkesvegane i mange budsjettskriv. Det er ganske store utfordringar seier fylkesrådmann Per Drageset til BT.

Slit mest i landet

Nestleiar i samferdslekomiteen på Stortinget, Jorunn Ringstad (Sp), er ikkje overraska over å høyre om utviklinga i standarden på fylkesvegnettet. Som sunnfjording ser ho problema på «heimebane»: - Men i tillegg til manglande vedlikehald på fylkesvegane kjem uløyste oppgåver med sikring av rasutsette fylkesvegar. Sogn og Fjordane og Troms er to av fylka som verkeleg slit med fylkesvegnettet sitt. Og dette rammar ikkje berre dei som bur der, men også næringslivet i Sogn og Fjordane som ofte har sin produksjon ved ein fylkesveg, seier Ringstad.

Rassikring av fylkesvegar er no blitt ei rein fylkeskommunal oppgåve etter vedtak i Stortinget.