Fylkesutvalet går inn for at det vert gjort nærare utgreiingar om eit slikt tilbod i Sveio. I vedtaket heiter det også at det i det vidare arbeidet bør vurderast å ta inn stell og drift av golfbaner som fag, går det fram av ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.

Fylkesutvalet legg til grunn at det skal gjerast nærare utgreiingar om eit tilbod med golfline innan vidaregåande opplæring i samarbeid med Sveio kommune, Haugaland Golfbane Sveio og ein vidaregåande skule i Sunnhordland.

Ein treng mellom anna ei nærare kartlegging av sporten sin medverknad i prosjektet og om det er grunnlag for eit samarbeid på dette området slik ein til dømes har i samband med handball/fotball andre stadar i fylket.

Ifølgje søknaden frå Sveio kommune vil elevane til golfklassen verta rekruttert frå nærmiljøet i kommunen, og medverkar såleis til at elevane frå Sveio får eit tilbod på ein vidaregåande skole i Hordaland.