I tillegg til salsløyve i sentrale strok som Vågen i Bergen, bør også fiskarar i distriktet få høve til direktesal frå båt. Dette vil styrkje næringsgrunnlaget for kystflåten, og sikre hordalendingar og turistar tilgang til fersk fisk. Direktesal frå båt vil også bli eit kjærkome kystkulturinnslag i mange hamner, heiter det ei fråsegn fylkesutvalet har vedteke å senda til V est-Norges Fiskesalslag, næringsråd og kommunar i Hordaland.

Fråsegna, som Terje Søviknes sette fram på vegner av Frp, H og KrF, vart vedteken med 10 (H, Frp, KrF, V, Sp, SV) mot 4 (Ap, RV)røyster.