Det vedtok fylkesutvalet i Hordaland samrøystes i føremiddag.

Vedtaket i fylkesutvalet var nøyaktig det same som vedtaket i kultur— og ressursutvalet for ei veke sidan.

Fylkespolitikarane har dermed sett bort frå forslaget frå fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti, der det heiter at kulturminnevernet må vera premiss for Riksantikvaren si avgjerd.

Både fylkesutvalet og kultur- og ressursutvalet er for freding av smelteverkstomta, men dei folkevalde meiner det må takast omsyn til klåre fleirtalsvedtak i Odda kommunestyre om å tillata ein del utbygging og næringsverksemd på tomta.

– Eg er svært glad for vedtaket i fylkesutvalet i dag. Med dette har fylkeskommunen opna både for handlesenter på smelteverkstomta og ny riksvegtrasé over området, seier Odda-ordførar Gard Folkvord til BT.

Med vedtadet i dag, er den fylkeskommunale handsaminga av fredingssaka avslutta. Riksantikvaren får no vedtaket oversendt til endeleg avgjerd, som er venta før nyttår.

VENTAR I SPENNING: No har fylkespolitikarane sagt sitt i saka om freding av Odda Smelteverk. Siste ord i saka har riksantikvaren Jørn Holme.