Prosjektet har ei samla kostnadsramme på 300.000 kroner, og Odda kommune stiller med 100.000 kroner og kommunen har søkt Riksantikvaren om 100.000 kroner.

Delar av Odda smelteverk er mellombels freda gjennom administrativt vedtak i Hordaland fylkeskommune. Eit mellombels fredingsvedtak skal normalt følgjast opp av ordinær fredingssak med vedteken prosedyre.

For denne saka er det naudsynt å få fram eit breiare avgjerdsgrunnlag med tekniske og økonomiske vurderingar av mogleg framtidig vern.