12 av medlemmene i fylkesutvalet røysta for dette. Framstegspartiet sine tre medlemmer røysta mot.

Vedtaket lyder slik:

1. For å nå målet om bompengeinntekter i Bergensprogrammet tilrår fylkestinget, i tråd med vedtak i Bergen Bystyre 07.02.05 at det vert etablert nye betalingssnitt med tre stasjonar i sør, slik at betalinga kan fordelast på fleire trafikantar. Desse stasjonane vert plassert slik:

Fjøsangerveien nord for nytt planfritt kryss.

Sør for kryss Storetveitvegen/Fantoftvegen.

Nattlandsveien nord for Birkelundsbakken ved Hydro/Texacostasjonen/Mannsverk

2. For å handtera uheldige køyremønster, vert følgjande tiltak gjort: Det vert etablert eit nytt betalingssnitt med ein bomstasjon i kvar retning i Michael Krohnsgate/Damsgårdsveien for å dirigera trafikken gjennom Nygårdshøydetunnelen og redusera omkøyring over Melkeplassen.

3. Det vert søkt om å oppretta 5 nye bomstasjonar som nemnt over.

4. For å nå inntektsmålet utan prisauke, legg fylkestinget til grunn at øvre rabattsats vert endra frå 50 % til 40 % samt at det vert innkravd bompengar heile veka.

— I praksis betyr dette punktet at alle som i dag køyrer med 50 prosent rabatt får takstauke i bompengeringen likevel. Når rabatten går ned frå 50 til 40 prosent, er det det same som 20 prosent takstauke. Den reelle taksten stig altså frå kr. 7,50 til kr. 9,- seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen til Bergens Tidende.

5. For å forsere og fullfinansiere den parallelle utbygginga av 1.byggetrinn av Ringveg Vest og bybana, samt Skansenstunnelen, tilrår fylkestinget at Bergen bomselskap A/S kan ta opp lån innanfor ei ramme på 1300 mill.kr og at bompengeperioden vert forlenga til 2015. 6. Fylkestinget vil endeleg fastsette rammene for statlege riksvegmidlar i Bergensprogrammet for perioden 2006-2015 i samband med handsaminga av handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan 2006-2015. 7. Fylkestinget legg til grunn at vidareføring av Bergensprogrammet etter 2015 med 2. byggetrinn av bybana og Ringveg Vest, og må omfatte ei vurdering av dei samla trafikale utfordringane i Bergensområdet. I denne samanheng på og bompengefinansiering av tiltak på stamvegane i Bergen vurderast.»

Fylkesutvalet rår fylkestinget til å vedta nye bomstasjonar i Bergen i tråd med bystyret sitt vedtak frå 7. februar.