Arne Hofseth

«På bakgrunn av NVE si nye innstilling og dei politiske ringverknadene som utbygginga vil ha for kraftbalansen og økonomi i dei berørte områda, vil Hordaland fylkeskommune omgjera det tidlegare vedtaket sitt og støttar den nye tilrådinga frå NVE», seier fylkesutvalet i ei fråsegn til Stortinget rett før saka der får si endelege avgjerd.

Fråsegna vart vedteken med 13 mot ei røyst, alle unnateke SV.

— Dette er frekt. NVE har ikkje kome med noko ny innstilling etter at Hordaland fylke, uttala seg i saka, seier Ole Martin Lund i Vernegruppa for Saudavassdraget, til Bergens Tidende.

— Det som har skjedd er at Regjeringa har gått inn for ei redusert utbygging, heilt i tråd med det synet Hordaland hadde, påpeikar Lund.

Men no har fylkesutvalet med overveldande fleirtal snudd, droppa kravet om redusert utbygging og lagt seg på NVE si innstilling.

Dette er heilt i tråd med vedtaket som Hardangerrådet gjorde 9. mai, etter initiativ frå Sauda kommune. Både i Sauda og i Hardanger ser ordførarane svært positivt på fylkesutvalet sin snuoperasjon.

Regjeringa går inn for ei utbygging som vil gje 490 GWh ny kraft i normalår. Hordaland fylkesutval støttar no NVE sitt framlegg om 865 GWh. Skilnaden ligg i den såkalla Nord-overføringa, med unntak av Langfoss og Saltåna. Dei to sistnemnde ville ha gitt ytterlegare 100 GWh. Full utbygging på 965 GWh, ser ikkje ut til å vera aktuelt, langt mindre planane frå 1991 med nær 1300 GWh fullt utbygt.