Ifølgje nettutgåva til Sogn Avis er den politiske og administrative toppleiinga i ferd med å strande på tur til alpelandet.

Heile fylkesutvalet med fylkesordførar Nils R. Sandal i spissen og rekkje toppbyråkratar, mellom dei fylkesrådmann Jan Øhlckers, er med. Alle har fly heim att laurdag morgon, men med flystansen i Europa ser det akkurat no mørkt ut for returen.

— Vi håpar å kome oss heim, men om det ikkje går får vi forlengje opphaldet, seier Knut Henning Grepstad, sekretariatsleiar for fylkesordføraren.

Fylkesutvalet er på studietur i landet for å lære om korleis austerrikarane har klart å utvikla småskala reiseliv.