Sogn Avis skriv av 66-åringen pådrog seg alvorlege brotskader i den kraftige kollisjonen mellom to bilar, midt inne i tunnelen. Grepstad skal vere påført alvorlege brotskader i begge armane.

Grepstad køyrde bilen som var på veg sørover. Han var åleine i bilen då ulukka skjedde. I det motkomande køyretyet var ein familien på fire frå Sogndal. Føraren av denne bilen, ein mann på 42 år, ligg med alvorlege skader på Haukeland Universitetssjukehus. Dei andre, ei kvinne og to born, vart lettare skadde.

Grepstad har vore ein sentral leiar i Sogn og Fjordane fylkeskommune i snart 35 år. Han tok til som kontorsjef og blei seinare assisterande fylkesrådmann. I to periodar var han dessutan konstituert som fylkesrådmann. På slutten av 1990-talet var han også informasjonssjef i fylkeskommunen. Han har også vore mykje nytta som valkommentator og -ekspert.