Salet vart vedteke med ei røyst i overvekt – 29 (H, Frp, V) mot 28 (Ap, SV, Sp, KrF, Raudt, MDG) røyster i fylkestinget.

— Ikkje naturleg

— Gardsdrift er ikkje lenger ein naturleg del av den fylkeskommunale drifta, konkluderte fylkesrådmann Paul M. Nilsen i innstillinga, og fleirtalet høyrte altså på ham.

Men opposisjonen var oppteken av at garden også er eit godt tilbod til psykiatriske pasientar og skuletrøytt ungdom som kan få arbeidserfaring og terapi.

Følgjande forslag frå Sp og SV fekk 7 (Sp, SV, Raudt) røyster, og fall:

«Hordaland fylkeskommune held fram eigarskap og drift av Valen og Handeland gard. Garden har stor verdi som rekreasjonsområde og har stort utviklingspotensial for å nytta garden meir aktivt ovanfor ungdom som fell ut av skulesystemet. Garden er også viktig med omsyn til samarbeidet med Valen Sjukehus, Folgefonna DPS og Valekrossen skule.»

Kristeleg folkeparti sine fem representantar røysta primært for innstillinga frå fylkesutvalet: «Valen og Handeland Gard vert lagt ut for sal med unnatak av strandsona og fjellområda. Strandsona – den delen som ikkje er dyrka mark – og fjellområda vert å skilje ut før gjennomføringa av salet. Beiterett på Valeøya skal framleis liggje til Valen og Handeland gard. Fylkesutvalet får fullmakt til å godkjenne salsvilkåra».

Arbeidarpartiet ville utsetjinga behandlinga av saka til eit seinare fylkestinget, men dette forslaget vart avvist med 29 mot 28 røyster.

Knyta til Valen sjukehus

Eigedommane har vore nært knytt til Valen sjukehus gjennom meir enn 100 år.

I si tid metta bruket heile sjukehuset, og sørgde for at pasientar fekk nyttig arbeidsterapi blant dyra, i åkeren, enga og gartneriet.

Også etter at Valen sjukehus blei ein del av Helse Fonna har pasientar hatt arbeidsterapi på garden. I tillegg har her vore tilrettelagt praksis for skuletrøytt ungdom og personar med ulike meistrings-vanskar.

Garden har i dag fire tilsette, og er taksert til 8 millionar kroner.

STORGARD: Valen gard er blant dei største gardane i Hordaland. Driftsbygningen er 60 år gammal.
KATINKA MARIE HUSTAD