Framstegspartiet, Høgre, SV og RV utgjorde fleirtalet då Nordhordlandspakken fall i fylkestinget i føremiddag.

Det avgjerande punktet, som fekk 33 av 57 røyster, lyder slik:

«Fylkestinget kan ikkje tilrå bompengesøknaden for finansiering av Nordhordlandspakken fase 1, og viser til manglande lokal oppslutnad. Fylkestinget meiner og at opplegget med bomstasjon berre på Nordhordlandsbrua ikkje godt nok ivaretek omsynet til nytteprinsippet ved bompengeinnkreving».

I Nordhordland er seks av sju kommunar samde om bompengepakken som fylkestinget handsama i dag. Det står på Meland kommune, som ikkje er i mot prinsippet om bompengar, men som ikkje er nøgd med innhaldet i pakken.

Meland kommune insisterer på at Nyborgtunnelene mellom Nordhordlandsbrua og Nyborg må med i fase 1. Alle dei andre meiner at dette ikkje er mogleg av omsynt til manglande planar for bygginga av tunnelen.

Vedtaket i fylkestinget kan føra til at dei planlagte vegtiltaka i Nordhordland kan verta utsette med mange år. Skulle det likevel enda med full semje og ny handsaming i fylkestinget i mars 2008, kan Nordhordlandspakken likevel koma med i Nasjonal Transportplan 2010-2015.

BOMPENGAR: Nye bomstasjonar på Nordhordlandsbrua er ein del av den nye vegpakken. Biletet viser dei gamle stasjonane, som vart fjerna for ei tid tilbake.
Bergens Tidende