Fleire aktørar i Hordaland har behov for å vita status og framtidsutsikter for næringslivet i Hordaland. NHO-Hordaland, Sparebanken Vest, Aetat og Innovasjon Noreg Hordaland søkjer Hordaland fylkeskommune om økonomisk medverknad til å utarbeide eit felles «Næringsbarometer for Hordaland» i 2005, heiter det i saksutgreiinga.

Fylkesutvalet vedtok etter forslag frå Bjørn Lothe at store arbeidstakarorganisasjonar som t.d. LO må inviterast til å delta i prosjektet.

Det vert teke sikte på å gje ut to næringsbarometer i 2005, i januar og juli.