I tilrådinga til fylkesutvalsmøte 30. mai kjem fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane med ei tilråding som i praksis vil føre til at Sogn og Fjordane blir lagt ned. Framtidige regionar bør organiserast etter landsdelsmodellen. Vestlandsregionen bør går frå Nord-Rogaland til Møre.

Dersom det ikkje blir ein landsdelsmodell, vil fylkesrådmann Jan Øhlckers ha eit forsterka fylke med noverande fylkesgrenser.

Fylkesrådmannen meiner ein folkestyrt region vil leggje betre til rette for samhandling mellom by og land på Vestlandet. Regionalisering er ikkje noko mål i seg sjølv, men det er viktig at landsdelane får høve til å utvikle eigen politikk for å kunne utnytte eigne føremoner.

Ein landsdelsregion vil vere ei motvekt mot statleg sentralisering, mellom anna gjennom at det blir gitt større rom for regional fordelingspolitikk. Sterke landsdelsregionar vil leggje betre til rette for utvikling i heile landet.

— Ein sterk vestlandsregion vil kunne bli ein sentral premissleverandør i utforminga av den nasjonale politiken og i fordelinga av nasjonale ressursar, heiter det i tilrådinga.

Fylkesrådmannen peikar likevel på at det vil bli ei utfordring å unngå internsentralisering, og peikar mellom anna på dei vidaregåande skulane som ein stad der det kan bli press for å få ein meir sentralisert modell.

Skal slike regionar bli framtidsretta og overlevingsdyktige, må dei få overført oppgåver frå staten. Både sjukehusa og vegetaten bør overførast til regionane.

Men eit like viktig argument som føremonene ved ei større eining, meiner fylkesrådmannen det er at Sogn og Fjordane i framtida vil bli for lite til å eksistere som eige fylke.