Han er 62 år, og har i følgje NRK Sogn og Fjordane bestemt seg for å bli pensjonist.

Per Drageset kan skilte med ei imponerande rekkje toppjobbar innan offentleg forvaltning og næringsliv i Sogn og Fjordane.

Han har vore direktør både for Sentralsjukehuset i Førde og Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Han har også ei fortid som assisterande fylkesmann, og han har dessutan vore økonomisjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Drageset blei tilsett som fylkesrådmann i Sogn og Fjordane i 1997.

GÅR AV: Per Drageset går av som fylkesrådmann i Sogn og Fjordane. Her fotografert som 60-åring.