Sandal blei vald med akklamasjon på nominasjonsmøtet i Sogndal i dag. Glopparen er inne i sin andre periode som fylkesordførar.

Om Sandal blei klappa inn, blei det kamp om plassane bak. Gaularordførar Jenny Følling fekk andreplassen. Her var motkandidaten ordførarkollega Gunn Åmdal Mongstad frå Solund.

Også om tredjeplassen blei den kamp, mellom Jarle Skartun og Knut M. Olsen. Tidlegare Sogndalsordførar Skartun fekk flest stemmer, og fylkesleiar Olsen måtte nøye seg med fjerdeplassen.

STILLER IGJEN: Fylkesordfører Nils R. Sandal er førstekandidat for Senterpartiet ved neste fylkestingsval.