Det galdt endring av reguleringsplanen for fylkesvegen frå Jondalstunnelen og vidare nordover. Endringa vart gjort etter at konsekvensutgreiinga for Jondalstunneln med tilførslevegar var lagt fram. Endringa som kom etterpå inneheldt ei opprusting av fylkesvegen frå Torsnes til Saltkjelen. Dette burde og vore konsekvensutgreidd, meinte fylkesmannen.

Krav om konsekvensutgreiing av endringa vart framsett av landbruksdirektør Ole Bakkebø i ei innstilling til fylkeslandbruksstyret. Motsegna var knytt til dette kravet. På dette grunnlag fremja fylkesmann Svein Alsaker og fylkesmiljøvernsjef Terje Aasen motsegn i brev til Jondal kommune.

Gjekk mot Bakkebø

— Men no gjekk det slik at fylkeslandbruksstyret på møtet før helga valde å sjå bort frå innstillinga frå landbruksdirektøren. Dei godkjende endringane. Dermed har vi trekt varselet om motsegn attende, seier Terje Aasen til Bergens Tidende.

Sakshandsamar hjå landbruksdirektøren, Aslaug Aalen, opplyser til BT at røystetala var 5 mot 4. I vedtaket vart det teke inn krav om gode løysingar for trafikken og for jordbruksdrifta, til dømes med undergangar.

Men ei motsegn ligg att, opplyser Terje Aasen. På sørsida av Jondalstunnelen, i Nordrepollen i Kvinnherad, har fylkesmannen lagt inn motsegn mot planane for eit massedeponi med stein frå Jondalstunnelen.

Fast i byråkratiet

Samstundes pågår det eit arbeid for å få saka om Jondalstunnelen i gang att, etter at ho i fleire månader har stått bom fast ein eller annan stad mellom byråkratiet i Vegdirekoratet og Samferdsledepartementet.

I BT tysdag 1. november svara samferdsleminister Liv Signe Navarsete på spørsmål frå BT at ho måtte oppdaterast på Jondalstunnelen av fagfolka i departementet.

Same dag fekk eit sendelag frå Jondal kommune og Hardangerveben AS høve til å orientera den nyutnemnde ministeren.

Spørsmål i Stortinget

Det er grunn til å tru at samferdsleministeren vil setja seg grundig inn i saka i dagane som kjem. Onsdag 9. november må ho svara i Stortinget på eit spørsmål frå Arne Sortevik. Frp-representanten frå Hordaland, som sit i samferdslekomiteen, vil ha greie på det same som sendelaget frå Jondal; kvar har Jondalstunnelen vorte av, og kva vil statsråden gjera for å riva han laus frå byråkratiet og få han opp att på vegen mot Stortinget?