Etter at plan— og bygningslova vart innskjerpa i fjor sommar har Fylkesmannen i Hordaland intensivert jakta på utbyggingssyndarar i strandsona.

  • Klager på dispensasjonar frå kommunane har meir enn dobla seg - frå 129 til 330 på eitt år.
  • Fylkesmannen har fått medhald i 92 prosent av klagene som er handsama dei siste to åra.
  • Det er først og fremst fordi me har fått fleire saker til handsaming. Dessutan vart reglane for kva ein kan gi dispensasjon til innskjerpa i den nye lova i fjor, seier leiar Egil Hauge ved Fylkesmannen sin miljøvernseksjon.

Nei til flytebryggje

Sakene der kommunane seier ja, og Fylkesmannen nei, handlar ofte om utbygging i sjøkanten.

*Utlegging av ei flytebryggje utanfor ein kai på Tysnes vart nedstemt - brygga vart vurdert til å vera lovstridig.

  • Eit ni kvadratmeter stort påbygg på ei hytte på Åsebø i Meland vart heller ikkje godkjent. Hytta låg i nærleiken av ei elv, og kommunen vurderte det slik at påbygget ikkje påverka nærområdet.

Dei siste to åra har Fylkesmannen fått over 3600 saker til handsaming. Berre dei mest alvorlege sakene blir påklaga, ifølgje seksjonsleiar Hauge.

  • Veldig ofte er ikkje kommunane sitt skjønn praktisert i samsvar med lova. Dispensasjonar blir gitt på sviktande grunnlag, og dei sakene me klagar på, er dei mest openberre. Det er noko av grunnen til at så mange av klagene har fått medhald, seier Hauge.

Han seier han ønskjer kommunane gjorde ei betre vurdering av sakene i første omgang.

  • Vår jobb er å tolka den nasjonale politikken og sjå om den blir følgt i kommunane. Det er uheldig når dei ikkje tolkar regelverket riktig, for det forlengjer prosessane og kompliserer sakene unødig.

- Frustrerande

Justisavdelinga ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er utnemnd setjefylkesmann for Hordaland, og vurderer dermed klagene.

  • Me får dei verste sakene på bordet, seier juridisk sjef Arvid Mellingen.
  • Dei klagene me gir medhald er klart i strid med statlege retningslinjer.

Arnvald og Bent Risøy frå Lindås er to av utbyggjarane som er blitt klaga på av Fylkesmannen. Ei utbygging av seksten naust med båtplassar til eit hyttefelt på Risøy vart først godkjent.

  • Det var snakk om to område. Etter at me fekk motsegn på det eine området, flytta me all utbygginga til det andre, seier utbyggjaren.

Det heldt ikkje for Fylkesmannen, som sette ein stoppar for den nye planen. I juni skal partane mekla om saka, og blir det ikkje noko resultat der, går ho til departementet.

  • Eg opplever dette som veldig vanskeleg, særleg med tanke på demokratiet. Her har saka vore behandla i to ulike planutval og kommunestyre, før Fylkesmannen set foten ned med ein einsleg sakshandsamar. Det er frustrerande, seier Lindås-utbyggjaren.

Kva meiner du om utbygging i sjøkanten og fylkemannen sine vurderingar?