Ein hytteeigar ved idylliske Fløsteinspollen på Bjorøy bygde betongveg tvers over knausane på naboeigedommen, utan å spørja korkje grunneigar eller Fjell kommune. Grannane har reagert skarp på betongvegen som vart bygd i april. Fjell kommune har så langt berre bede utbyggaren om å søka om å få byggja vegen i ettertid. Så vil kommunen vurdera søknaden, som om utbygginga ikkje har skjedd.

Bergens Tidende skreiv om saka 18. november. No reagerer Fylkesmannen i Hordaland på bakgrunn av BTs artikkel, og rår blant anna Fjell kommune til å melda saka til politiet.

Må reagera strengt

I eit brev til Fjell kommune skriv Fylkesmannen:

«Fylkesmannen vil likevel understreka at

det av allmennpreventive omsyn er nødvendig å reagera strengt mot åpenbare lovbrot, særleg når desse har skjedd i nyare tid. Dersom saksopplysingane er korrekt gjengjevne i Bergens Tidende, bør kommunen melda denne saka til politiet og gje dei nødvendige pålegg om

retting, eventuelt med tvangsmulkt for å framtvinga gjennomføring.»

I tillegg skriv Fylkesmannen at det er svært positivt at Fjell kommune har sett i gang eit arbeid med registrering og oppfølging av ulovleg bygging.

— Positivt brev

Utbyggingssjef i Fjell, Willy Sørensen, legg vekt på dette når han kommenterer brevet frå Fylkesmannen:

— Eg opplever brevet frå Fylkesmannen som positivt, og ei stadfesting av at vi jobbar rett med oppfølging av ulovleg bygging, seier Sørensen.

— Fylkesmannen rår Fjell kommune til å melda denne konkrete saka til politiet. Kjem de til å gjera det?

— Eg vil ikkje kommentera den konkrete saka. Den er inne i ein prosess, og det er denne prosessen som avgjer kva tiltak som er naudsynte. Begge partar skal høyrast. Er det gjort noko ulovleg kan fleire tiltak, både politimelding og tvangsmulkt, vera aktuelle, seier Sørensen.

Dreg ut i tid

Fjell kommune har altså kravd at vegbyggarane skal søkja i ettertid. Dette har mannen som bygde betongvegen gjort, men kommunen har sendt søknaden i retur fordi den var mangelfull. Naboane til vegen reagerer på at saka på dette viset vert dregen ut i tid, og meiner at Fjell kommune reagerer seint mot ulovleg bygging.

Mannen som har bygd den omstridde betongvegen opp til hytta si har tidlegare avvist å kommentera saka i BT.

TOK SEG TIL RETTE: Naboane til den ulovlege vegen på Bjorøy er misnøgde med at saka vert dregen ut i tid. Men no ber Fylkesmannen kommunen reagera strengt mot åpenbare lovbrot.