I eit brev til heradet minner fylkesmannen om at han i sine vurderingar har lagt berre ein ungdomsskule til grunn. Fylkesmannen ber om å få opplyst om det ligg føre nye planar eller nye kostnadsoverslag som kan auka investeringane eller redusera årlege driftsinnsparingar.

– Vi har gitt uttrykk for bekymring for kommunen si likviditetsutvikling, særleg dei neste 10–15 åra, skriv fylkesmannen, og ber om nærare opplysningar dersom det no er grunn til å rekna med ytterlegare forverring.