— Landbruket blir bygd vidare ned, dei store industrilokomotiva våre slit, mindre verksemder flaggar ut og den nye tenestesektoren får ikkje skikkeleg fotfeste i fylket fordi vi er så små, seier Flæte til avisa Firda.

Haustar fruktene

Han tykkjer situasjonen for Sogn og Fjordane no tek til å bli nokså vanskeleg.

Stortingsrepresentant Sverre Hoddevik (H) har nyleg sagt at Sogn og Fjordane no haustar fruktene av det han kallar meiningstyranni i fylket. Hoddevik siktar til at politiske parti og mange mediebedrifter i Sogn og Fjordane ropar på å bevare kvar einaste byråkratarbeidsplass og gjerne få noko i tillegg.

Hoddevik hevdar at dette er med på å gjera det vanskelegare å leggja om til ein politikk som kan betra vilkåra for eksportindustrien.

Fylkesmann Flæte seier at Hoddevik skyt skivebom med denne vurderingen, og viser til at der er færre offentlege arbeidsplassar i Sogn og Fjordane enn i andre fylke.