TERJE ULVEDAL

I ein stor annonse i gårsdagens utgåve av Firda kunngjer Handelshuset AS at dei no tek til på utvidinga av senteret. På same sida og i den same annonsen har fylkesmann Flæte skrive eit innlegg der han gratulerer Førde med å ha utvikla seg til eit handels— og sørvissenter for heile Sogn og Fjordane. Fylkesmannens innlegg står klart fram som ein del av annonsen for Handelshuset.

Den planlagde utbygginga av Handelshuset i Førde har vore sterkt omstridd. Utbyggingsplanane har versert i fleire år, og vore gjenstand for fleire klagesaker. Så seint som tidlegare denne veka hadde formannskapet oppe ein klage på utbygginga frå Førde Torg og Elvegården, naboar og fremste konkurrentane til Handelshuset. Dei bad om at heile utbygginga blir utsett til klagen er ferdig handsama. Formannskapet avviste klagen, og dermed blir Fylkesmannen neste instans.

Ugild?

Mellom dei som reagerer på annonsen er varaordførar Norvall Nøringset (SV) i Førde.

— Det fylkesmannen skriv er etter mitt syn uproblematisk. Men at han står fram i ein annonse for Handelshuset, kan bli oppfatta slik at han har eit forhold til denne parten. Og det er ikkje uproblematisk sett i samanheng med at Fylkesmannen skal ha ei upartisk rolle i forvaltninga, seier Nøringset.

— Meiner du Fylkesmannen no har gjort seg sjølv ugild i dei framtidige sakene som vil komme når det gjeld utbygginga av Handelshuset?

— Den formelle juridiske biten greier eg ikkje å ta. Mitt poeng er at Fylkesmannen no kan bli oppfatta som støttespelar for Handelshuset i ei omstridd utbyggingssak. Det er etter mitt syn beklageleg.

- Litt spesielt

Dagleg leiar for Førde Torg og Elvegården, Peter Midthun, seier til Bergens Tidende at han oppfattar annonsen som «spesiell».

— Eg syns ikkje ein fylkesmann bør stå fram i ein annonse for ein privat aktør. Vi vil no diskutere om vi skal gjere noko med dette, kommenterer Midthun.

I følgje Kommunaldepartementet er det ingen reglar som hindrar fylkesmenn i å opptre på den måten fylkesmann Oddvar Flæte gjorde i går. Men juristar Bergens Tidende var i kontakt med i går meiner det er god grunn til å reise spørsmålsstillinga om dette kan svekke truverdet til fylkesmannsembetet i den kontroversielle utbyggingssaka.

- Påverkar ikkje oss

Fylkesmann Flæte feirar sjølv sin eigen 60-årsdag i Spania i desse dagar. Men assisterande fylkesmann Ingrid Bjørkum meiner ikkje dette gjer embetet inhabile i klagesakene:

— Eg kan ikkje sjå at dette vil vere noko problem. Det vil ikkje påverke vår handsaming av klager på utbygginga av Handelshuset, eller andre saker i Førde for den saks skuld.

Bjørkum vedgår likevel at gårsdagens annonse kan framstå som uheldig, og seier dei vil tenkje over om dei skal vere med slikt på i framtida.

— Eg kjenner ikkje detaljane i denne saka, men det var i alle fall ikkje i våre tankar å drive reklame for eit bestemt kjøpesenter. Dette var meint som ei helsing til Førde, og vi gjorde noko tilsvarande då Sogningen storsenter opna i Sogndal.

FAKSIMILE av annonsen i Firda i går.