Årsaka til utspelet frå fylkeslege Petter Øgar er eit intervju Jellestad i sommar gav til NRK Sogn og Fjordane. I intervjuet garanterte ortopeden at minst 70 prosent av pasientane ved ortopediklinikk Lærdal skal komme utanfrå Sogn og Fjordane.

— Det er med uro og undring Helsetilsynet i Sogn og Fjordane registrerer dette utspelet, skriv Øgar i brevet.

Sist vinter var det administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde som fekk på pukkelen av fylkeslegen i same sak. Det skjedde etter at Bolstad i ein intern e-post tok til orde for å stoppe inntaket av lokale pasientar til ortopediklinikken, fordi Helse Førde ville tene meir på å behandle pasientar frå andre fylke. Øgar slo då fast at om ein pasient frå Sogn og Fjordane ønskjer å få ortopedisk behandling i Lærdal, kan ikkje helseføretaket i Sogn og Fjordane nekte.

— Overlegen kan difor umogleg gje ein slik garanti, utan å risikere å komme i konflikt med lova om pasientrettar når han seinare skal prioritere søknadene til klinikken, understrekar Øgar.

I eit brev til Helse Førde skriv Øgar vidare at legen ved å garantere at 70 prosent av pasientane skal komme utanfrå fylket, håpar dette kan få Helse Vest til å spa opp att millionane dei trekte tilbake ved nyttår og slik skape økonomisk grunnlag for vidare drift. Helsetilsynet er uroa for koplinga som kan synest å vere til stades mellom pasientinntak og prioritering, og overlegen sin framtidige arbeidssituasjon.

— Det kan undergrave tilliten til dei prioriteringane som blir gjort, meiner fylkeslegen som avslutta brevet til Helse Førde slik: - Helsetilsynet i Sogn og Fjordane føreset at Helse Førde tek desse tilhøva opp med overlege Jellestad og sikrar at innhaldet i lov om pasientrettar er forstått og blir etterlevd.

IKKJE NY: Styret i Helse Førde tok ikkje opp at saka om å kutte ortopediklinikken i Lerdal på styremøtet i går.
Øystein Torheim