Dersom Hordaland fylkeskommune får det som dei vil, vert det altså ikkje fleire bomstasjonar i Bergen, men det vert dyrare å kjøra gjennom dei som allereie eksisterer.

Bakgrunnen for vedtaket er at Bergen Bompengeselskap A/S har søkt om justering av takstane i bompengeringen i Bergen, låneopptak og utviding av bompengeperioden til 2015. Dette for å finansiera Bergensprogrammet. Både Bergen kommune, og Hordaland Fylkeskommune skal koma med innstillingar i saka før ho vert endeleg handsama i Stortinget.

For to veker sidan sa bergenspolitikarane ja til fleire bomstasjonar, men nei til auka takstar.

ýFylkestinget tilrår at det i hovudsak vert lagt opp til takstauke i dagens bompengeringý heiter det i Fylkesrådmannen si innstilling som vart vedteken av fylkesutvalet torsdag.

Bergen kommune og fylkeskommunen er samde om å utvida bompengeperioden til 2015. Dei er òg samde om at det vert slutt på bompengefrie dagar.

Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) reagerer på fylkestinget sitt vedtak.

— Det er eit dårleg signal til Stortinget når ikkje kommunen og fylkeskommunen greier å samordna seg. Ring 2 har vore klar heilt sidan 2000, og er ei oppfølgjng av tidlegare vedtak. Bergensprogrammet er tenleg for folk frå heile fylket, og det er viktig at flest mogleg er med på betalinga, seier Strøm-Erichsen til BT.

Byråd for byutvikling, Lisbeth Iversen (KrF) ser ikkje mørkt på manglande samarbeid enno.

— Saman med representantar frå fylkeskommunen og vegdirektoratet skal me i møte hos samferdselsministeren i byrjinga av mars. Før den tid skal kommunen og fylkeskommunen sine representantar ha møte, seier Iversen.

— Sjølvsagt hadde det vore bra dersom vedtaka våre var like. Men intensjonen bak begge er god, nemleg å auka innteninga, seier Iversen.