Mykje vil stå og falla med korleis Kristeleg Folkeparti vil te seg, om partiet kjem i vippeposisjon

Dei siste åra har ansvarsområda til fylkeskommunane skrumpa. Den feitaste biten i det fylkeskommunale ansvarsområdet, sjukehusa, tok staten over frå 1. januar 2002. Det førde med eitt slag til at dei 19 fylkeskommunane i landet berre brukte 36 milliardar kroner i 2002, mot 78 milliardar kroner i 2001.

I tillegg til sjukehusa, vil staten frå komande årsskifte også overta:

  • Barnevernsinstitusjonane.
  • Familievernkontora.
  • Institusjonar og spesialhelseteneste for rusmisbrukarar.

Det fylket då sit att med, er:

  • Vidaregåande skular.
  • Tannhelsetenesta.
  • Musé og kulturinstitusjonar.
  • Fylkesvegar, og med auka innverknad over prioritering av vegutbygging.
  • Kollektivtrafikken for Hordaland (men minus Bergen frå 1. januar 2004).
  • Kulturminneforvalting.
  • Regional— og næringsutvikling.

Omsverma jente

Trass i mindre makt, vil Toril Selsvodl Nybårg (KrF) i neste veke bli ei av dei mest omsverma jentene i heile Hordaland. Dersom dagens meiningsmåling slår til, vil partitoppane blunka til henne både frå høgre og venstre.

8,9 prosent er ein fin framgang frå juni, då det berre vart 6,1 prosent. Dermed har Hordaland KrF kome betre frå mediestormane i sommar enn mange hadde ottast.

— Dette var svært gledeleg, men vi merkar sjølvsagt den sterke høgrevinden, seier Selsvold Nyborg til Bergens Tidende.

Og høgrevinden sparar ikkje fylkeskommunen heller. Framstegspartiet er no størst med 21,9 prosent, knapt føre Høgre med 21,3 prosent. Dette gjev båe partia 13 mandat, medan KrF oppnår 5, og med 31 mandat samanlagt vert det eit trygt fleirtal i det nye fylkestinget.

Ingen draumepartnar

Men Kristeleg Folkeparti kan og skapa fleirtal andre vegen. Saman med Sp, V, SV og Arbeidarpartiet gjev det 29 mandat, og det held nett så vidt.

Dagens meiningsmåling er i sanning ingen lysteleg lesnad for den sitjande fylkesordføraren. Frå ein fjerdepart av røystene i 1999, til 17,4 prosent i målinga ei knapp veke før valet. Med eit valresultat som liknar på dette, vil det kreva politisk handverk av høgste klasse om Gisle Handeland skal verta verande i fylkeshusets 14. etasje.

— Vi er framleis optimistar, og skal stå på heilt til vallokala stengjer. I valkampen har vi hatt vanskar med å slå gjennom i Bergen, men i distrikta har det gått betre, seier Gisle Handeland til Bergens Tidende.

Fylket som motkraft

I «normale» tider hadde kanskje ikkje tanken på maktskifte i fylkeshuset uroa Gisle Handeland så mykje. Breie fleirtal har lang tradisjon i fylkespolitikken. Om fylkesordføraren då heitte Ole Dramdal, Magnar Lussand eller Gisle Handeland, var som regel mindre viktig for dei vedtaka som vart gjort.

Men no står det meir på spel. For fylkeskommunen er ikkje tidene lenger slik dei var.

— Staten har aldri hatt sterkare makt i Noreg enn i dag. Fylkeskommunen og regionane må vera ei motkraft mot denne sentraliseringa av makt, seier Gisle Handeland. Men framfor dette valet må Gisle Handeland slå fast at to av hans hardaste politiske rivalar har erklært, og til og med programfesta, at dei ønskjer heile fylkeskommunen dit peparen gror.

Køyra bedrifta i grøfta

Dei fleste vil vita at dei to er Høgres Tom-Christer Nilsen og Framstegspartiet Terje Søviknes.

— Eg kan ikkje skjøna anna enn at det må vera eit dilemma for dei to å stilla som ordførarkandidatar for ein fylkeskommune dei ønskjer nedlagt. Det må då vera om lag det same som å overta som direktør i ei bedrift med det mål å køyra bedrifta i grøfta, seier Gisle Handeland.

Men det er langt frå lett å få veljarane til å tenna på denne saka i konkurranse med lokale duellar om eldreomsorg, eigedomsskatt eller bybane. Handeland sjølv har ingen magisk formel, sjølv om han brenn for denne saka.

Entusiast

— Når det gjeld fylkeskommunen og regionalt samarbeid mellom fylka, er eg ein entusiast. Alle veit kvar eg vil. På sikt er målet mitt å få oppretta eit stort vestlandsfylke. Men prosessen dit må gå stegvis. Tidlegare i år fekk vi Vestlandsrådet med politisk representasjon frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vi har mykje godt politisk arbeid framfor oss der for å få Vestlandsrådet til å fungera. Det gjeld spørsmålet kva slag oppgåver rådet skal ta seg av og på kva måte. Strategiar må utviklast for samferdsle, næringsliv og kultur. Får vi det til, trur eg Vestlandsrådet kan slå gjennom nasjonalt på ein heilt annan måte enn dagens fylkeskommunar kvar for seg, seier Handeland.

Intern sentralisering

— Fleirtalet i fylkestinget har så langt vore ein garantist mot sentralisering, til dømes når det gjeld vidaregåande skular. Men vil ikkje eit vestlandsk storfylke føra til ei sentralisering innanfor regionen som mange ikkje ønskjer seg?

— Regionane må møta sentraliseringa frå staten med ei sentralisering internt i regionen. Men det treng ikkje bety at vi går bort frå den desentraliserte skulestrukturen. I dag har nesten 30 kommunar i Hordaland ein vidaregåande skule. I den grad det må sparast pengar, kan vi til dømes oppnå mykje gjennom felles innkjøp og samordning av administrative funksjonar, seier Handeland