Fylkestinget vedtok i oktober at fylkeskommunen skulle kjøpa Fylkeshuset. I det lange løp er det gunstigare å eiga enn å leiga. Ikkje minst med dagens låge rentenivå kan eit slikt kjøp vera gunstig.

Med ei rente på 5 prosent vil det ta 17 år før bygget er nedbetalt. I 2004 vil Hordaland fylkeskommune spara om lag 1,5 millionar kroner på kjøpet i høve til kva kostnaden ville vore ved leige. Kjøpesummen på 142,5 millionar kroner er medrekna kjøpskostnader.

SKREIV UNDER: Adm.dir Bjørn Østbø og fylkesrådmann Paul M. Nilsen.