Fylkestinget har vedteke ei rekkje tiltak som skal utgreiast vidare for å oppnå denne innsparinga.

Vedtaket om innsparing for til saman 25 millionar vart gjort med 36 (H, Frp, KrF, Sp, Pensj., V) mot 20 (Ap, SV, RV) røyster.

Arbeiderpartiet røysta primært for sitt forslag om at innsparinga skal vera på inntil 25 mill. kr. Forslaget fekk 15 røyster (Ap og V) og fall.

Vidare utgreiingar

Ut frå den økonomiske situasjonen som no ligg føre for fylkeskommunen, har ein sett det som naudsynt å gå gjennom opplæringssektoren med tanke på kva for oppgåver som strengt tatt er lovpålagde. I det ligg ei tolking av lover og forskrifter om kva oppgåver fylkeskommunen skal utføre. På dette grunnlag er hovudfokus retta inn mot område der ansvaret mellom kommune, fylkeskommune og stat kan vere uklårt, heiter det i saksutgreiinga.

Fylkestinget har i denne samanheng vedteke at programmet skal klargjere omfanget av det fylkeskommunale ansvaret for elevar med psykiske problem og starte ein dialog med andre offentlege forvaltningsnivå om det økonomiske ansvar for denne gruppa. (Vedteke mot 20 (Ap, SV, RV) røyster.) Like eins skal omfanget av det fylkeskommunale ansvaret for opplæring av multifunksjonshemma elevar i 4. og 5. opplæringsår klårleggjast. (Vedteke mot 22 (Ap, SV, RV, V) røyster, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.

SV fremja følgjande forslag til desse punkta: «2. Tilbodet til elevar med psykiske problem skal ikkje forringast. Eventuelle tingingar mellom ulike forvaltningsnivå og etatar (stat/fylke/kommune) om ansvarstilhøve må gjennomførast uavhengig av elevane sine tilbod.

3. Multifunksjonshemma elevar skal ikkje få redusert tilbodet sitt. For å skåne desse elevane mest mogeleg, skal ingen tiltak setjast i verk før ansvarstilhøve og økonomiske og pedagogiske konsekvensar er utgreidde og klargjorde.»

Forslaget frå SV fekk 7 røyster (SV, RV) og fall.