Klangen var upåklageleg då det store felleskoret stemde i med rundt 700 røyster attmed utescenen på Prestegardslandet, med Berit Opheim som solist. Opningssekvensen ved Friluftstscenen baud også på songar framført av felles damekor og felles mannskor.

Seinare på dagen delte kora seg på ei rekke konsertar rundt om på Vangen og i Haugamoen. To konsertar i Vangskyrkja og kinoen avrundar stemna sundag.

— Eit puslespel, sa leiaren av «Bygdaklang», Arnhild Seim Kvarme, då ho i opningstalen sin karakterieserte arbeidet med å førebu og gjennomføra den omfattande stemna.

Koret er tilskipar i samarbeid med Norges Korforbund, Hordaland.

KORKLANGEN PÅ VANGEN: Bøneskoret stemmer i med "Nystemten" og pyntar opp i gatebilete på Voss som er prega av gravearbeid. FOTO: ARNE HOFSETH