Vedtaket vart gjort med 14 mot ei (V) røyst.

I saksutgreiinga vert det vist til at då fylkesgrensa mellom Rogaland og Hordaland var trekt på nytt i samband med at Ølen skifte fylke, var midtlineprinsippet nytta for å trekkja ny fylkesgrense i sjø. Det same prinsippet må leggjast til grunn i revisjon av fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane.

Harald Hove (V) føreslo at grensa skulle fastsetjast med utgangspunkt i alternativ a) frå Statens kartverk datert 22. mai 2004 slik at det vert teke omsyn til fleire forhold enn midtlinjeprinsippet, m.a. etablerte oppfatningar om grensene.