Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane rår til at fylkets eige transportselskap får anbodet på nordfjord— og sognebåten til 2019.

I alt fem selskap melde si interesse etter at snøggbåtrutene blei konkurranseutsette tidlegare i år. Mellom desse var både Tide og Bergen Nordhordland Rutelag.

Avtalen inneber at det skal byggjast fire nye snøggbåtar. I følgje ei pressemelding vil dei nye båtane føre til store reduksjonar i utsleppa av klimagassar. Hurtigbåtane har fått sterkt kritikk for å vere reine klimabombene.

Tilrådinga kjem fram for fylkestinget i neste veke.