Statens vegvesen har avgjort at selskapet med hovudkontor i Florø skal drive dei to sambanda Mannheller-Fodnes og Hella-Dragsvik-Vangsnes i åtte år framover. Kontrakten gjeld frå 1. januar 2008 og ut 2015.

Fjord1 Fylkesbaatane driv begge desse samband i dag. Selskapet vann også då Mannheller-Fodnes var ute på anbod sist. Trekantsambandet i Balestrandsektoren har tidlegare ikkje vore lyst ut.

Fylkesbaatane har fått kontrakten på å drive dei to samband trass i at dei ikkje hadde lågaste tilbodet. I alt fire selskap var interesserte i å drifte dei to strekningane.

Det er frå før kjent at lågaste bodet var lagt inn frå Finnmark Fylkesrederi som er eigd av det franske storkonsernet Veolia. Dei meinte dei kunne drive dei to strekningane med eit tilskot på 14 millionar kroner. Men vegvesenet har avvist både tilbodet frå franskmennene og eit anna tilbod som også var lågare enn bodet Fjord1 la inn.

Trafikksjef Guro Ranes i vegvesenet opplyser at lågaste tilboda blei avvist fordi eine ferja ikkje stetta minimumskravet til kapasitet. Det andre tilbodet blei vraka fordi krava til reserveferje ikkje var oppfylt.

Mannheller-Fodnes er største ferjesambandet i Sogn og Fjordane. To ferjer trafikkerer i dag sambandet. Fjord1 Fylkesbaatane har lagt inn eit tilbod der det skal byggjast ei ny ferje med kapasitet på 92 personbilar.