Fylkesbaatane har i generasjonar vore blant dei sterkaste merkenamna på Vestlandet, og er som folkeeige å rekne langs kysten frå Bergen og nordover.

No har styret i eigarselskapet Nordvestlandske AS bestemt at reiarlaget skal få nytt namn. Det nye namnet og den grafiske profilen er utvikla av eit reklamebyrå i Molde.

Konsernet Nordvestlandske AS vart våren 2001 stifta av dei to fylka, og står som eigar av både Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) og Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF). Konsernet har samordna dei to reiarlaga og vil lansere det dei meiner er eit kortfatta, klingande fellesnamn: Fjord 1.

Dette får vi stadfesta på påliteleg hald, sjølv om ingen i konsernet offisielt vil røpe det nye namnet.

«Hald på gamlenamnet!»

Herbjørn Sørebø er fortørna over at selskapet har bestemt seg for å vrake det heiderskrona Fylkesbaatane-namnet til fordel for Fjord 1.

— Eg forstår slett ikkje at det er naudsynt med noko nytt namn heller. Kunne dei ikkje berre ha brukt Fylkesbaatane som fellesnamn? Dette finst jo allereie i dagens namn på begge båtselskapa.

Samstundes som Sørebø åtvarar mot å bytte ut det innarbeidde namnet, meiner han at det nye er heilt på jordet.

— Fjord 1 går i alle høve ikkje. På Vestlandet seier vi i så fall fjord-ein, og namnet blir meiningslaust og må vrakast berre av den grunn. Dette er jo midt i største nynorskdistriktet i landet. Så hald på Fylkesbaatane, det er noko som folk veit kva er. Det er mitt råd, seier Sørebø.

Ønskjer ikkje debatt

Styreleiar i Nordvestlandske, Sogndal-ordførar Jarle Skartun, hevdar overfor Bergens Tidende at det nye namnet ikkje er avgjort.

— Det er rett at vi arbeider med ein ny profil på selskapet, med nye grafiske uttrykk, seier Skartun.

— Er nytt namn ein del av det?

— Ja, men det skal først lanserast tidleg i desember, seier Skartun, som ikkje ønskjer nokon debatt om namnet før det er tilbørleg lansert.

Han poengterer at styret er oppteke av å ta vare på tradisjonane, og ordar frampå om at Fylkesbaatane-namnet skal vere med vidare som ein slags undertekst på den nye Fjord 1-logoen.

Folkeeige

— Dette er snakk om merkevarebygging og profilering, og det er klart at det er eit poeng for oss å ha eit felles namn og ein felles logo, seier Skartun. - På den måten lagar vi synergiar for begge selskapa i marknadsføringa.

Båtselskapa er eigde av fylkeskommunane, og fylkesordførarane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal utgjer generalforsamlinga. Begge dei to ordførarane stadfestar at dei har godkjent det nye namnet.

Det blir ein felles logo og eit nytt fellesnamn, ifølgje fylkesordførar Ole Øverland i Møre og Romsdal. Kollegaen i sør, Nils R. Sandal, uttrykkjer det slik:

— Målet har vore å finne eit kort, klingande namn som omfattar heile konsernet.

— Blir det dette nye namnet som skal vise på båtane til selskapet?

— Ja, det blir det, stadfestar Sandal. «Fylkesbaatane» er blitt så innarbeidd som namn at det er for folkeeige å rekne langs vestlandskysten. Men faktisk er fylkesreiarlaga reelt eit folkeeige, ettersom Nordvestlandske er heileigd av fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

«Fanden Sitt Folk»

Likevel har styret valt å halde heile namneprosessen lukka og hemmeleg, for å kunne lansere det nye namnet på selskapet med brask og bram i nær framtid.

Fylkesbaatane (FSF) har røter heilt tilbake til 27. november 1857, då forgjengaren Nordre Bergenhus Amts Dampskipselskap vart stifta. Selskapet var det første lokale som starta trafikk i fast rute til og frå Bergen, og hadde så tidleg som i 1877 130.000 passasjerar årleg.

Herbjørn Sørebø minner om Jakob Sande, som hadde skrive ein song til FSF. Som honorar ville diktaren ha gratisbillett på livstid og ein FSF-matrosgensar.

— Sande meinte elles at FSF stod for «Fanden Sitt Folk», seier Herbjørn Sørebø.

FYLKESBAAT: Hurtigbåten M/S "Sognekongen" er eit av fartya til selskapet som no skiftar namn.
Arkivfoto: Helge Sunde