Overfor Bergens Tidende opplyser konsernsjef Olav Smørdal i Fjord 1 at omfattande strukturendringar kan vere på gang i konsernet som eig Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal Fylkesbåtar og fleire busselskap.

— Vi vurderer blant anna å fusjonere fleire av dotterselskapa, seier Smørdal.

— Slik at Fylkesbaatane-namnet kan forsvinne for godt?

— Ja, namneendringar må vi også vurdere.

Avklart i februar

Etter det Bergens Tidende forstår, er eit aktuelt scenario å fusjonere dei to reiarlaga som Fjord 1-konsernet eig. Vidare kan det også bli aktuelt å fusjonere eitt eller fleire av selskapa på landsida, men dette ligg litt lenger fram i tid. Fjord 1 eig Sogn Billag AS, Nordfjord og Sunnmøre Billag AS, Ottadalen Billag AS og Mørebil AS.

— Vi ser for oss vinst på ei rekkje område som administrasjon, styring og marknad. Vi får fjerna mykje dobbeltkjøring. Det er totaliteten som blir avgjerande, seier Smørdal.

— Når blir dette avklart?

— Styret i Fjord 1 bør ha dette klart i løpet av januar-februar slik at saka kan behandlast på bedriftsforsamlinga i midten av februar neste år, seier konsernsjefen.

Skulle FSF og Møre og Romsdal Fylkesbåtar bli fusjonert, er det klart at det nye selskapet vil bli ein tungvektar i den norske marknaden - spesielt innan ferje og hurtigbåtdrift.

FSF har direkte røter heilt tilbake til 1858, da selskapet starta som Nordre Bergenhus Amts Baade. Reiarlaget var inntil for få år sidan eit fylkeskommunalt føretak, men er dotterselskap i konsernet som i fjor skapte ein viss furore ved å ta namnet Fjord 1.

Folk reagerte da sterkt på at FSF-namnet og logoen skulle komme i bakgrunnen. No kan altså både namnet og reiarlaget forsvinne heilt.

Siste FSF-sjefen?

Samtidig har administrerande direktør i Fylkesbaatane dei siste åtte åra, Atle Tornes, sagt opp for å gå til jobben som ny rådmann i Fitjar. Tornes kan komme til å bli den siste toppsjefen i Fylkesbaatane.

— Om vi tilset nokon etterfølgjar, kjem an på utfallet av dei interne prosessane våre, seier konserndirektør Smørdal.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har aksjemajoriteten med sine 59 prosent i Fjord 1, medan Møre og Romsdal fylke har 41 prosent.